From Wikipedia, the free encyclopedia
Nay Pyi Taw (burmesisk utt. [nè pjì dɔ̀], òg skrive Naypyidaw) er ein ny by som blei hovudstaden i Burma (Myanmar) i 2005. Nay Pyi Taw ligg sentralt i landet, i Kyatpyae-området, 3 km vest for byen Pyinmana og rundt 32 mil nord for den tidlegare hovudstaden Yangon. Namnet «Nay Pyi Taw» kan bety 'kongepalass', 'kongeby' eller 'kongssete'.
Nay Pyi Taw | |||
by | |||
Land | Myanmar | ||
---|---|---|---|
Areal | 7 054,370 km² | ||
Folketal | 1 160 242 (2014) | ||
Nay Pyi Taw 19.7475°N 96.115°E | |||
Wikimedia Commons: Naypyidaw | |||
Flyttinga av hovudstaden til det nyleg rydda jungelområdet blei overraskande annonsert i 2005, og dei administrative funksjonane blei offisielt flytta 6. november det året. Bygginga av byen hadde allereie gått føre seg i løynd i fleire år.
På dagen til dei væpna styrkane den 27. mars 2006 marsjerte over 12 000 soldatar i ein militærparade under det første offisielle arrangementet i den nye hovudstaden. Det var også då namnet Nay Pyi Taw blei offisielt annonsert.
Pyinmana like ved Nay Pyi Taw var hovudbase for frigjeringshæren i Burma. Det var i Pyinmana at hæren trente soldatar og offiserar.
Nay Pyi Taw dekkjer 7000 km² og er delt inn i ulike soner for administrasjon, marknad, hotell og restaurantar. Han har fleire nye, prangande bygningar med god plass mellom seg, mellom anna det burmesiske parlamentet, presidentpalasset og Uppatasanti-pagoden, ein modell av Shwedagon-pagoden i Yangon. Det finst også fleire museum og ein dyrehage her.
Byen har lufthamn og vegsamband til Yangon.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.