Natalie og Nathalie kjem frå det latinske kvinnenamnet Natalia, som er avleidd frå (dies) natalis, 'fødselsdag'. Namnet er gjerne sett i samband med jul, som heiter natale domini på latin og er kjend under liknande namn på fleire romanske språk.

Thumb
Polske Natalia Sanguszkowa (1807–1830) måla av Johann Ender i 1829.
Thumb
Namnetrekket til Natalie Wood.

Bruk

Nathalie er eit svært vanleg kvinnenamn i i Belgia og Frankrike. Namnet er nokså sjeldan i Noreg, men har hatt ein aukande bruk sidan 1980-talet.

Det var 1330 kvinner som heitte Natalie og 1225 som heitte Nathalie i Noreg i 2008.

Kjende namneberarar

  • Nathalie Sarraute (19001999), fransk forfattar
  • Natalie Wood (1938–1981), amerikansk skodespelar
  • Natalie Cole (f. 1950), amerikansk jazzsongar og skodespelar
  • Nathalie Holland (f. 1962), russisk-norsk kunstmålar
  • Natalie Imbruglia (f. 1975), australsk songar og skodespelar
  • Natalie Portman (f. 1981), israelsk-amerikansk skodespelar
  • Nathalie Nordnes (f. 1984), norsk musikar og songar

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.