Nürnberglovane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nürnberglovane

Nürnberglovene (tysk die Nürnberger Gesetze) var ei gruppe lovar frå det nasjonalsosialistiske Tyskland som blei einstemmig vedtekne den 15. september 1935 ved eit spesielt riksdagsmøte under Rikspartidagane i Nürnberg.[1] Nürnberglovane nedfelte antisemittisme i det tyske lovverket på ein heilskapleg måte. Dei peikte ut jødar som ei gruppe utan dei same rettane som andre tyske borgarar, og forsterka det juridiske grunnlaget for dei nazistiske jødeforfølgingane som enda med Holocaust.[2] Desse lovane innførte også hakekrossflagget som nytt tysk nasjonalflagg.[1]

Thumb
Tittelbladet til Reichsgesetzblatt som kunngjer lovane frå 16. september 1935 (RGB I nr. 100)

Lovar

Thumb
Blodsvernloven skulle avgrensa «raseblanding» mellom folk med «tysk» og «jødisk» blod. Plansjen viser korleis ein definerte jødar (Juden på tysk, merka med svart fargetone), og kven ein tillét dei å vera gifte eller ha sex med. Zulässig tyder 'tillate' og verboten 'forbode'.

Nürnberglovene omfatta tre lovar:

  • Riksborgarloven (Reichsbürgergesetz)[3][4]
  • Blodsvernloven eller Lov om vern av det tyske blodet og den tyske æra (Gesetz zum Schutze des deutschen Blutes und der deutschen Ehre)[5][6]
  • Riksflaggloven (Reichsflaggengesetz)[7]

Riksborgarloven og Blodsvernloven var skrivne av Wilhelm Stuckart saman med Bernhard Lösener og Franz Albrecht Medicus ved innanriksdepartementet, som var leia av riksministeren Wilhelm Frick.[8]

I løpet av dei neste åtte åra blei det også lagt til tretten dekret til lovane.[9]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.