Musculus teres minor
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Musculus teres minor (frå latin teres, «rund» og minor, «liten»), på norsk somtid òg kalla den vesle runde muskelen, er ein rund og tynn skuldermuskel som går frå lateralkanten på skulderbladet til den store beinknuten på overarmsbeinet. Han er innervert av n. axillaris som kjem direkte fra armnerveflettverket plexus brachialis og utoverroterer, adduserer og stabilierer overarmsbeinet.
Remove ads
Han er ein av dei fire musklane i skuldermansjetten. Han er òg med på å forme den bakre aksillefolden saman med m. latissimus dorsi og m. teres major. I tillegg er han den øvste begrensinga ved det laterale og mediale aksillehòlet.
Remove ads
Fleire bilete
- M. teres minor er vist raudt i denne animasjonen.
- Skildring av skulderleddet.
- Skildring av skulderleddet (bakfrå).
- Blodårene som ligg på skulderbladet. Her ser ein òg det mediale og laterale aksillehòlet som m. teres minor er med på å forme.
- Nerveforsyninga til skulder og arm.
- M. teres minor er vist i denne skulderdisseksjonen.
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads