From Wikipedia, the free encyclopedia
Morgon er den første delen av dagen og tek til ved soloppgang, eller frå rundt klokka 4-6, og går over til føremiddag eller middagstider.
Morgonen står gjerne for noko positivt, ved at han gjev ei ny byrjing etter den mørke natta. Det finst fleire gudar for morgonen, som Eos og Usjas. Symbol for morgonen er hanen.
Samstundes er tida forbunden med slutten på svevnen og byrjinga på slitet med å arbeida eller leva. Særleg måndagsmorgonen blir rakka ned på, til dømes i songar som «Monday morning blues».
I nyare tid er morgonen blitt ei stund der kommunikasjon og straumnett blir særleg belasta, ettersom mange flytter på seg og mykje verksemd tek til akkurat då. Mange transportårer, både kollektivtransport og vegnett, opplever morgonrush.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.