From Wikipedia, the free encyclopedia
Morača (serbisk/montenegrinsk kyrillisk Морача) er ei elv i Montenegro. Ho har sitt utspring i nordlege delar av Montenegro ved foten av fjellet Rzača, og strøymer 113 km sørover før ho munnar ut i Shkodërinnsjøen.
Morača | |||
elv | |||
Eit gjel Morača renn gjennom. | |||
Land | Montenegro | ||
---|---|---|---|
Renn gjennom | Podgorica | ||
Sideelvar | Zeta | ||
Lengd | 113 km | ||
Kjelde | Fjellet Rzača | ||
Munning | Shkodërinnsjøen | ||
• høgd | 6 moh. | ||
Morača 42.276388888889°N 19.121111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Morača River | |||
Morača er ei strid fjellelv i dei nordlege områda, og har laga eit storarta gjel nord for Podgorica. Like nord for Podgorica slår elva seg saman med den største sideelva Zeta, før ho kjem ut på Zetasletta. Vidare strøymer ho over dette flate landskapet før ho munnar ut i Shkodërinnsjøen.
Morača er ei relativt lita elv, og er sjeldan meir enn 100 m brei og for det mest grunn. Derfor er det ikkje mogeleg med transport på elva. Ei bru over Moračagjelet fungerer i dag som hovudfartsåre frå Serbia og Podgorica til kystområda av Montenegro. Vegen er derimot rekna som særs farleg, og vil sannsynlegvis verte bytta ut med ein omkøyringsveg i framtida.
Morača er rekna som eit av symbola på Podgorica, og er den største elva som renn gjennom byen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.