Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Meirverdiavgift (forkorta mva.), tidlegare kalla meirverdiomsetnadsavgift (moms), er ei avgift på verdien som blir lagd til varer eller tenester i alle produksjons- eller handelsledd i omsetnaden innanfor eit land.
I Noreg vart meirverdiavgift innført i 1970 og erstatta den tidlegare omsetnadsavgifta, som ramma siste ledd, og som frå 1964 utgjorde 12 %. Avgiftsgrunnlaget på meirverdiavgifta er salssummen. Den generelle satsen er (frå 2013) 25 %, for næringsmiddel (redusert sats) 15 % og for persontransport, kringkastingsavgift, romutleige på hotell, ervervsmessig utlege av hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigendom (låg sats) 8 %. Kvar ledd i omsetnaden krev opp avgift av dei varene som blir omsette (utgåande avgift), men har samtidig frådragsrett for den avgifta som er betalt til eigne leverandørar (inngåande avgift). Det som den næringsdrivande skal betale til staten, ved terminvise avgiftsoppgjer, utgjer forskjellen mellom inngåande og utgåande avgift. Dersom den inngåande avgifta er høgare enn den utgåande, blir forskjellen utbetalt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.