fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Motmotar, Momotidae, er ein familie som lever i den neotropiske regionen. Familien på 13 artar går inn i ordenen Coraciiformes, råkefuglar, saman med mellom anna isfuglfamilien, råkar og bietarfamilien.
Motmotar | |
Bergmotmot, Momotus aequatorialis Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1892, Public domain | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Motmotar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Råkefuglar Coraciiformes |
Familie: | Motmotar Momotidae G. R. Gray, 1840 |
Motmotar er mellomstore fuglar med habitat i tett skog. Distribusjonen er avgrensa til tropisk del av «den nye verda», til det kjem eit fossilt individ som er oppdaga i Sveits. Desse fuglane har fargerike fjørdrakter og lange stjertfjør som dei kan svinga i sideretninga for å trekke merksemd frå andre fuglar.
Forsking har vist at turkisbrynmotmot utfører halesvingingar når dei oppdagar ein predator for å gjere predatoren merksam på at han er oppdaga og at motmoten er førebudd på å flykte. Denne forma for signalisering gjev eit føremon for både motmoten og predatoren: signalet hindrar motmoten frå å kaste bort tid og energi til å flykte samstundes som predatoren unngår et kostbart arbeid med dårlege utsikter til fangst. Det er òg vist at halefjørene til hannane, som er litt større enn halen åt hoa, fungerer som et seksuelt signal hos turkisbrynmotmot.
Dei to sentrale halefjørene hos motmotar har form som rekkertar, med unntak av hos to artar. Det skjer fordi bistrålane har svakt feste til fjørskaftet og fell av. Dermed oppstår den karakteristiske forma på halefjørene.
Motmotar et små byttedyr som insekt og små øgler, og gjerne litt frukt. I Costa Rica er det observert at motmotar har fora ungar med pilgift frosk.
Som dei fleste andre familiar av Coraciiformes hekkar motmotar i hòl i bakken. Dei legg omkring fire kvite egg i kullet. Nokon artar dannar store koloniar på opp til 40 par. Egga vert klekt etter ca 20 dagar, og ungane forlèt reiret etter om lag 30 dagar. Begge foreldra syter for fôring av ungane.
Motmotar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
Slekt Hylomanes
Slekt Aspatha
Slekt Momotus
Slekt Baryphthengus
Slekt Electron
Slekt Eumomota
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.