tysk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Miroslav Klose, fødd som Mirosław Marian Klose (fødd 9. juni 1978 Opole) er ein polsk-tysk fotballspelar som har spela som spiss for Lazio i italiensk Serie A, og for det tyske landslaget. Klose vart fødd i Polen. Mora var polsk landslagsspelar i handball og faren var profesjonell fotballspelar. Faren forlet Polen i 1978. Miroslav Klose og mora drog etter i 1985 og vart tyske statsborgarar, grunna faren sitt etnisk tyske opphav.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Miroslav Josef Klose | ||
Fødd | 9. juni 1978 (46 år) | ||
Fødestad | Opole i Polen | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Lazio | ||
Nummer | 11 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1998-99 1999-2004 2004-07 2007-11 2011- |
Homburg Kaiserslautern Werder Bremen Bayern München Lazio |
20 (11) 120 (44) 89 (53) 98 (24) 80 (35) | |
Landslag | |||
2001- | Tyskland | 132 (69) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014 |
Klose vart toppskårar i Bundesliga og kåra til årets tyske spelar i 2006, medan han spelte for Werder Bremen. I 2007 gjekk han til Bayern München og var med på å vinna Bundesliga med dei i 2008 og 2010. I 2013 vart han cupmeister i Italia med Lazio.
Klose debuterte for det tyske A-landslaget 24. mars 2001 mot Albania, etter at han hadde avslått å spela for det polske landslaget. Han skåra fem mål for Tyskland både under fotball-VM i 2002 og i 2006, den einaste spelaren som har gjort dette i to etterfølgjande meisterskap. I 2006 vart han òg toppskårar i VM. Før VM i 2014 er han den spelaren som har skåra flest mål nokonsinne for Tyskland sitt landslag (69) og nummer to på toppskårarlista for fotball-VM til saman med 14 mål, fordelt over tre ulike VM.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.