Michael Sars
norsk biolog og prest From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
norsk biolog og prest From Wikipedia, the free encyclopedia
Michael Sars (30. august 1805–22. oktober 1869) var ein norsk prest og naturvitskapsmann (zoolog). Forskingsfartøyet FF «Michael Sars» er oppkalla etter han.
Michael Sars | |||
| |||
Fødd | 30. august 1805 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 22. oktober 1869 Christiania | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | marinbiologi, zoologi | ||
Yrke | teolog, zoolog, prest, professor, biolog, marinbiolog, karsinolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo Bergen Katedralskole | ||
Ektefelle | Maren Sars | ||
Barn | Eva Nansen, Ernst Sars, Georg Ossian Sars, Mally Lammers | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina |
Michael Sars vart fødd i Bergen i 1805, og døydde i Christiania i 1869. Han byrja på ei naturvitskapleg utdanning ved Universitetet i Christiania. Etter ei tid gjekk han over til å studera teologi. Som prest arbeidde han mellom anna på øya Kinn ved Florø og i Manger på Radøy ved Bergen.
Samstundes med prestegjerninga dreiv han med marinbiologisk forsking. Han studerte dyra i havet med vekt på forplanting, utvikling og utbreiing. Han var mellom anna ein tidleg pioner innanfor studiet av nesledyr, der han var den første til å skildra livssyklusen til hydroidene. Sars beskreiv òg fleire artar kril, børstemakk og sniglar for første gong.
I 1835 publiserte han boka Beskrivelser og iagttagelser over nogle mærkelige eller nye i havet ved den bergenske kyst levende dyr. Boka og arbeidet med den, gjorde han internasjonalt kjend som naturforskar.
I 1854 vart han utnemnd til professor i zoologi ved Universitet i Christiania.
Saman med kona Maren (syster av diktaren Johan Sebastian Welhaven) fekk Michael Sars 14 born. Åtte av desse levde opp. Fleire av desse borna vart seinare vidgjetne i Noreg. Marinbiologen Georg Ossian Sars (1837–1927), og historikaren Ernst Sars (1835–1917) vart dei mest vidgjetne av borna.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.