Meyer Foshaug
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Meyer Nilsson Foshaug (15. juni 1868–6. juni 1955) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Målselv i Troms. Bortsett frå perioden 1922-24, då han representerte Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, var han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Foshaug var saman Jørg Berge, Alfred Eriksen og John Lind-Johansen dei aller fyrste stortingsrepresentantane for Arbeidarpartiet.
Meyer Foshaug | |||
| |||
Fødd | 15. juni 1868 Målselv kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 6. juni 1955 (86 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Religion | Baptisme | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Han var fødd på garden Fosshaug i Målselv, der far hans dreiv gard. 25 år gammal tok han over ein tredel av farsgarden og bygde sitt eige gardsbruk. Dette bruket dreiv han sidan. Han var medlem av heradsstyret i Målselv 1900-03.
Foshaug representerte Tromsø amt på Stortinget 1903-06, Senja krins 1906-18, Malangen krins 1919-21 og Tromsø fylke 1922-24 og 1928-45. Valbolken 1931-33 var han 1. varamann, møtte då delar av 1931- og heile 1932-sesjonen. Han var 1903-09 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, medlem 1910-12 av, sekretær 1913-24 og formann 1928-30 i vegkomiteen. 1934-36 medlem av og 1937-45 formann i veg- og jarnbanekomiteen.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Meyer Foshaug NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.