From Wikipedia, the free encyclopedia
Melum kyrkje (eldre stavemåte: Mælum) er ei langkyrkje frå 1728 i Skien kommune i Telemark.
Melum kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Skien | ||
Sokn | Melum | ||
Fellesråd | Skien | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | lafteverk og bindingsverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 24. oktober 1728 | ||
• Endringar | 1767, 1840, 1883, 1897, 1928, 1970–76 | ||
Tårn | i vest | ||
Klokker | 2: 1200-talet og 1778 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Altartavle | katekismetavle frå 1618 | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1970 | ||
Sitjeplassar | 150 | ||
Melum kyrkje 59.20890556°N 9.42886389°E | |||
Wikimedia Commons: Mælum kirke | |||
Kyrkja avløyste ei stavkyrkje som var vigd til den heilage Lavrans. Ho vart oppført få år etter den store kyrkjeauksjonen i 1723. Skipet og koret er lafta, medan tårnet (frå 1840) er i bindingsverk. Dåpssakristiet er frå 1883. Kyrkja vart mykje endra i 1883, då kyrkja vart mykje endra. Mellom anna vart vindauga gjort større og veggane måla. Sidan er kyrkja restaurert og veggane avluta.
Altartavla er ei katekismetavle frå tidleg på 1600-talet. Ho har truleg vore brukt i Skien kyrkje før ho kom til Melum. I kyrkja finn ein òg ein kyrkjestol for Løvenskiold-familien, og på denne og på galleribrystninga er det måla våpenskjold. Brekke museum i Skien har gamalt inventar frå den tidlegare Melum-kyrkja.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.