McGuinn, Clark & Hillman
album av McGuinn, Clark & Hillman From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
McGuinn, Clark & Hillman er eit studioalbum frå 1979 av Roger McGuinn, Gene Clark og Chris Hillman, som alle tidlegare var med i det originale The Byrds.
Remove ads
Bakgrunn
Dei tre musikarane var alle på turné i Storbritannia med kvar sine band, då dei ved eit høve delte scene. Kort tid etter dei kom attende til USA byrja Clark og McGuinn å spele i lag som ein akustisk duo. Etter at Hillman slo seg saman med dei tidlegare bandkollegaene sine, skipa dei ein trio og fekk kontrakt med Capitol Records.[3] Albumet vart produsert av The Albert Brothers (som nyleg hadde produsert Crosby, Stills & Nash sitt comebackalbum frå 1977). Clark skreiv fire songar for albumet, inkludert «Backstage Pass», «Release Me Girl» (eit disco-aktig samarbeid med Thomas Jefferson Kaye), den UFO-inspirerte «Feelin' Higher» og «Little Mama».[4]
Mange kritikarar kritiserte den glatte produksjonen og den disco-aktige softrockstilen. Albumet selde likevel godt og nådde 39. plassen på Billboard 200 og McGuinn-songen «Don't You Write Her Off» vart gjeven ut på singel og nådde 33. plassen i mai 1979. Albumet selde til gullplate, som var nok til at bandet ønskte å spele inn ein oppfølgjar.[5]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Roger McGuinn - gitar, vokal
- Gene Clark - gitar, vokal
- Chris Hillman - bass, gitar vokal
- George Terry - akustisk og elektrisk gitar, piano
- Greg Thomas - trommer
- Paul Harris - klaverinstrument
- Joe Lala - perkusjon
- John Sambataro - gitar, korvokal
- Charles Chalmers, Sandra Chalmers, Donna Rhodes - korvokal
- Mike Lewis - blåsar- og strykararrangement
Produksjon
- Produsent: Howard Albert, Rob Albert
- Lydteknikar og miksing: Don Gehman
- Assisterande lydteknikar: Kevin Ryan
- Kunstnarisk leiar: Roy Kohara
- Fotografi: Jim McCrary
- Notat i omslaget: Stephen K. Peeples
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads