Mario Kart Wii
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mario Kart Wii (マリオカートWii Mario Kāto Wī) er eit resarspel for Wii, utvikla av Nintendo EAD og publisert av Nintendo. Det er det sjette spelet i Mario Kart-serien (sett bort ifrå dei to arkadespela), og det andre Mario Kart-spelet som tek Nintendo Wi-Fi Connection i bruk. Spelet vart lansert globalt gjennom april 2008, men eit år seinare i Sør-Korea. Til kvart eksemplar av spelet fylgjer det med eit Wii Wheel, som ein kan plassera Wii-fjernkontrollen inni for meir intuitiv og ordinær styring.
Mario Kart Wii | |||
![]() | |||
Utviklar(ar) | Nintendo EAD | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Produsent(ar) | Hideki Konno | ||
Design(ar) | Yasuyuki Oyagi (direktør) Hideki Konno (produsent) | ||
Serie | Mario Kart | ||
Plattform(er) | Wii | ||
Utgjeving | JP: 10. april 2008 EU: 11. april 2008 AUS: 24. april 2008 NA: 27. april 2008 | ||
Sjanger | Resarspel | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar, nettspel | ||
Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E OFLC: G | ||
Medium | 1 Optisk Wii-plate | ||
Stødde einingar | Wii-fjernkontroll, nunchuk, klassisk kontroll, GameCube-kontroll | ||
Nettstad | https://www.nintendo.co.jp/wii/rmcj/ | ||
Del av serien Mario Kart⠀ | |||
←Mario Kart DS⠀ · Mario Kart 7→ |
Nytt frå føregangaren, Mario Kart DS, femner motorsyklar og støtte for opp til tolv kappkøyrarar på nett. I likskap med dei andre spela i Mario Kart-serien går spelet ut på at forskjellige figurar frå dei mange Mario-spela køyrer om kapp på banar med tema frå ulike område i Mario-serien. Støtte for Nintendo Wi-Fi Connection lèt ein køyre om kapp med andre spelarar frå heile verda, og nett-tevlingar og resultat er tilgjengelege om ein festar Mario Kart-kanalen til Wii-menyen.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.