Marianne Dahlmo
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Marianne Dahlmo (fødd 1. mai 1965) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Bodø. Ho vann fire renn i verdscupen i langrenn i tida 1986-89, og enda på andreplassen i verdscupen 1986 og på tredjeplassen sesongen etter. Dahlmo, som var medlem av Bodø & Omegn IF, vart dobbel noregsmeister i 1986 og fekk tre stafettmedaljar med Noreg i åra 1987-89. Ho var ein av dei første kvinnelege langrennarane som meistra skøyteteknikken.
Marianne Dahlmo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. januar 1965 (59 år) Bodø |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1988, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993 |
Dahlmo debuterte i verdscupen i Davos 18. desember 1984. Ho fekk sin fyrste pallplass då i byrjinga av mars 1985 vart nummer tre på ein 5 kilometer i Lahti. Sin fyrste siger i eit verdscuprenn tok ho på 20 km i Oberstdorf 15. februar 1986. Kvar av dei neste tre sesongane vann ho eit renn verdscupen, den fjerde og siste sigeren kom på 10 km i Klingenthal den 10. januar 1989. Både i 1986- og 1987-sesongen kjempa ho om å vinne verdscupen for kvinner, men vart nummer to i 1986 og tre året etter, begge gongane var det finske Marjo Matikainen som sikra seg FIS-pokalen.
Dahlmo deltok i alle fire verdsmeisterskapane på ski i perioiden 1987 til -93. Hennar beste individuelle plasseringar var to femteplassar, fyrst på 10 km i 1987 og så 5 km i 1991. Både i VM 1987 og OL 1988 gjekk ho for Noregs to sølvlag i 4 x 5 km stafett, medan ho i 1989 fekk ein bronsemedalje på stafetten under ski-VM i Lahti.
I 1986 vart Dahlmo norsk meister både på 5 km og 20 km. Dei neste fire åra, 1987-90, sikra ho seg fire NM-sølv og like mange NM-bronsar.
Ho la opp etter 1994-sesongen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.