Dominionen Ny-England
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dominionen Ny-England i Amerika (engelsk Dominion of New England) (1686–1689) var ein administrativ union av engelske koloniar i Ny-England i Nord-Amerika. Maktområdet varte kortvarig fordi området det omfatta (frå Delaware River i sør til Penobscot Bay i nord), bestod av dagens Maine, New Hampshire, Vermont, Massachusetts, Rhode Island, Connecticut, New York og New Jersey, og var for stort for ein enkel guvernør å styre. Det var òg andre faktorar som gjorde at det vart mislukka, som at guvernøren, sir Edmund Andros, var særs upopulær og gjorde saker som fornærma store delar av innbyggjarane i Ny-England. Etter at meldingar om den ærerike revolusjonen i England nådde Boston i 1689, gjorde puritanarar opprør mot Andros, og arresterte han og tenestemennene hans. Leisler-opprøret i New York City avsette viseguvernøren i maktområdet, Francis Nicholson. Etter desse hendingane gjekk koloniane som var samla i maktområdet attende til slik dei hadde vore før maktområdet vart oppretta, trass i at somme av dei då vart formelt styrte utan særleg løyve. Nye løyve vart etter kvart skriven ut av kong Vilhelm III av England og dronning Maria II.
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.