Mai, Maj og May er kvinnenamn og slektsnamn av ulike opphav, ofte knytt til månaden mai. Mai har norsk namnedag den 7. mai, medan Maj har svensk namnedag den 19. mai.

Thumb
Den japanske kunstløparen Mai Asada.
Thumb
Den australske landhockeyspelaren May Campbell.

Tydingar

Namnet kan vera ei nordisk, opphavleg svensk kortform av Maria. Det er i denne samanhengen i slekt med Maia og Mia.

Det engelske namnet May kan stamma frå månaden mai (eng. May), eit namn på hagtorn og som ei kjæleform av Mabel, Mary og Margaret. May kan også vera eit engelsk slektsnamn.

Mai er eit vietnamesisk kvinnenamn og slektsnamn som betyr ‘gyllen blom’, og viser til blomane på treet Ochna integerrima som blir brukt som lukkesymbol under vietnamesisk nyårsfeiring.

Det kan brukast av hmongfolk om den einaste eller yngste dottera i ein familie. Det er også eit japansk kvinnenamn som tyder 'dans'.

Mài er eit kinesisk slektsnamn (麥 med tradisjonell kinesisk skrift).

Namneberarar

  • Maj Sønstevold (1917-1996), norsk komponist og pedagog
  • Margit «Mai» Lindegård (1919-1968), norsk forfattar og skodespelar
  • Mai Zetterling (1925-1994), svensk skodespelar og filmregissør
  • Maj Britt Andersen (f. 1956), norsk artist

Kjelder


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.