From Wikipedia, the free encyclopedia
Mah-Rukh Ali (fødd 1. januar 1982) er ein norsk-pakistansk journalist og forfattar fødd i Oslo. Ho var nyheitsanker i TV 2 Nyhetene i ti år, og i 2017 blei ho kommunikasjonsjef i CARE Norge.
Mah-Rukh Ali | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. januar 1982 (42 år) Oslo |
Yrke | journalist, faglitterær forfattar, nyhetsanker |
Religion | Islam |
Ho var den første framandkulturelle kvinna som blei nyheitsanker i NRK, i 2006 (Noman Mubashir var den første mannen), og leia den aller første ordinære sendinga på TV 2 Nyhetskanalen saman med Terje Svabø.
Mah-Rukh Ali er fødd og oppvaksen i Oslo, med foreldre frå Pakistan og tre brør, men har også i periodar butt i foreldra sitt heimland. Ho snakkar tre språk flytande — norsk, urdu og panjabi. Som 14-åring skreiv ho Den sure virkeligheten. Boka handlar om å veksa opp i Oslo som muslim og jente, om å føla seg norsk, men bli behandla annleis.
Ali er utdanna journalist gjennom Høgskulen i Volda og har bachelorgrad frå Lahore i Pakistan. Ho har jobba i mellom anna Aftenposten, Dagbladet og Klassekampen. Ho begynte i NRK Dagsnytt i 2003, og kom til Dagsrevyen som reportar hausten 2005, då ho mellom anna vart send til det jordskjelvramma området i pakistansk Kashmir. Hausten 2006 blei ho tilsett i TV 2, og 15. januar 2007 opna ho TV 2 Nyhetskanalen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.