From Wikipedia, the free encyclopedia
Magni Øvrebotten (fødd 12. juni 1954) er ein norsk journalist, redaktør, og målkvinne frå Botnane i Bremanger.[1]
Magni Øvrebotten | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. juni 1954 (70 år) Bremanger kommune |
Yrke | redaktør, journalist |
Ektefelle | Åsmund Berthelsen |
Ho var distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane frå 1990 til 2004, og leiar for Nynorsk Mediesenter frå 2004 til 2021.[2]
Ho har vore busett i Naustdal sidan 1982 med ektemannen Åsmund Berthelsen og born.[1]
Øvrebotten voks opp på ein gard der ho var den eldste av tre sysken. Ho tok tidleg del i gardsarbeidet, og lærte seg å vera sjølvstendig.[1] Då ho var 14-åring måtte ho flytta til industribygda Svelgen for å ta framhaldskule.[1]
Alt som 8-åring bestemte Øvrebotten seg for å bli journalist, og 17 år gamal fekk ho sommarjobb i Gula Tidend, der Per Håland var redaktør.[1] Avisa hadde rykte på seg til å vere ein tøff arbeidsstad, og i pressekrinsar heitte det at «overlever du som journalist i Gula Tidend, så er det ikkje anna råd enn at du må bli det.»[1]
I Botnane var nynorsk målet då Magni Øvrebotten vaks opp.[1] Då ho i vaksen alder vart ei målkvinne og kjempa for eigen og andre sin rett til å skrive på nynorsk, meiner Øvrebotten sjølv at det kan sporast tilbake til historier bestemor hennar fortalde; Bestemora måtte skrive dansk på skulen, og syns det var forferdeleg fordi ho tykte aldri ho vart god nok i norsk. Denne uretten gjorde eit sterkt inntrykk på barnebarnet.[1]
Innimellom folkehøgskule, gymnas og journalisthøgskule var Magni Øvrebotten aktiv i Senterungdommen og hadde sommarjobb i ulike aviser.[1] I avisa Nationen ville nyhenderedaktøren bli kvitt henne fordi ho skreiv nynorsk, men lukkast ikkje.[1] Frå 1980 arbeidde ho i NRK Sogn og Fjordane, fem år som journalist, fem som redaksjonssjef og 14 som distriktsredaktør.[1] I 2004 vart ho leiar for NRK Nynorsk Mediesenter, som vart oppretta i Førde i 2002.[1]
Ho sat i interimsstyret for Språkrådet frå 2004 til 2006 og var nestleiar i styret der frå 2006 til 2010.[2]
Øvrebotten vart tildelt Nynorsk redaktørpris i 2013.[2]
Ho fekk Kringkastingsprisen i 2021.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.