From Wikipedia, the free encyclopedia
Ma'rib (arabisk مأرب) eller Marib er ein by og administrasjonssenter i Ma'rib guvernement i Jemen. Han var hovudstaden i det sabaeiske kongedømet, som somme forskarar meiner er Sjeba som er nemnt i Bibelen.[1] Han ligg kring 120 kilometer aust for hovudstaden i Jemen, Sana. Byen hadde i 2005 16 794 innbyggjarar. I 2011 vart Ma'rib omtalt som «Al Qaida-hovudstaden i Jemen».[2]
Ma'rib | |||
by | |||
Ruinane av Gamle Ma'rib, som ligg sør for den moderne byen. | |||
Land | Jemen | ||
---|---|---|---|
guvernement | Ma'rib guvernement | ||
Koordinatar | 15°25′N 45°21′E | ||
Folketal | 16 794 (2005) | ||
Tidssone | Jemen standardtid (UTC+3) | ||
Ma'rib 15.46253°N 45.32581°E | |||
Kart som viser Ma'rib.
| |||
Wikimedia Commons: Marib | |||
Det sabaeiske kongedømet låg der som Marib i dag ligg, nord i Jemen. Kongane hadde hovudsetet sitt i Ma'rib og bygde flotte vatningsanlegg, som Ma'rib-dammane, som det er synlege ruinar av i dag. Marib-dammen gav vatn til ein blømande kultur i meir enn tusen år, men kollapsa i 575 evt., før Muhammed og kan vere ei av årsakene til Arabia ikkje vart kristna.[3] Dei bygde òg borger og tempel i området, og var kjende for å handle med verdifull røykjelse[1] og myrra.[4] Dei var eit sjøfarande folk og påverka folket i det nordaustafrikanske kongedømet Dʿmt, på andre sida av Raudehavet i Eritrea og Etiopia, den einaste andre kjende til både røykjelse og myrra.
I 25 fvt, leia Aelius Gallus «ein ekspedisjon til Ma'rib (Jemen).»[5]
Det gamle Ma'rib var i stor grad fråflytta på 1900-talet. Sjølv om ein liten landsby var att, låg dei fleire etasjar høge leirsteinsbygningane i den historiske byen i ruinar. Den moderne byen Ma'rib ligg kring 3,5 km nord for sentrum av den gamle byen.
Jemen Oil Refining Company opna eit oljeraffineri i Ma'rib i 1986, som produserer 10 000 fat olje kvar dag (2009). I november 2009 annonserte selskapet ein avtale med det koreanske Shinhan om å utvide og oppgradere raffineri til å produsere 25 000 fat per dag.[6]
Ma'rib er starten på den 438 km lange Marib-Ra's Isa-oljerøyrleidninga, med ein kapasitet på 200 000 fat olje kvar dag.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.