Ma'an guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ma'an (arabisk محافظة معان) er eit guvernement i Jordan, it ligg sør for Amman, hovudstaden i Jordan. Its capital is byen Ma'an. This guvernement is the largest i kingdom of Jordan by area.
Remove ads
Historie

Området som guvernementet Ma'an dekkjer har mange historiske stader. Ma'an var hovudstaden i den arabiske staten som emir Abdullah erklærte ei kort stund i 1920 før hovudstaden vart flytta til Amman. Den første avisa i Jordan vart publisert i Ma'an og heitte Alhaqqu Ya'lu (الحق يعلو ). Ma'an guvernement var ein del av området til Edom, som hadde hovudstaden sin i Busaira i Tafilah guvernement. Edomittane vart sidan erstatta avnabatearane, som etterlet seg ein av dei mest merkverdige stadane i Midtausten, oldtidsbyen Petra. Etter å ha stått i mot invasjonane til makedonske og romersk armear, fall Petra til slutt for Romarriket i 103 evt. Like ved Petra ligg fjellet Jebel Nebi Harun, der ein trur Aron, bror til Moses døydde. Det ligg ei grav for Aron på fjelltoppen.
På 600-talet evt. vart Ma'an ein del av det islamske kalifatet. Då krossfararane kom på 1000-talet, tok dei kontroll over høglandet Shoubak, med ei høgd på meir enn 1300 meter over havet. Krossfararane bygde Montreal-borga i byen Shoubak.
Remove ads
Geografi
Sjølv om Ma'an guvernement har det største arealet av dei 12 guvernementa i Jordan, har han lågast folketettleik: mindre enn fire personar per kvadratkilometer. Det grensar til Saudi-Arabia i aust og sør, Akaba, Tafilah og Karak guvernement i vest, og Amman guvernement i nord.
Klimaet i Ma'an er houvdsakleg ørkenklima, men dei vestlege høglanda har eit middelhavsklima. Årsnedbøren varierer frå 50 mm i ørkenområda til 250 mm i dei vestlege høglanda, og over 500 mm i Sharah-fjella.
Remove ads
Administrativ inndeling
Ma'an guvernement er delt inn i fire departement.[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads