Ludvig Daae (fødd 7. desember 1834 Aremark prestegard, død 17. mars 1910 Kristiania) var ein norsk historikar. Han kalla seg ofte Ludvig Ludvigsen Daae for ikkje å bli forveksla med sine slektningar og namnebrør Ludvig Daae (1829–1893) og Ludvig Kristensen Daa (1809–1877). Ludvig Daae var universitetsbibliotekar 1869–1876 og professor i historie ved universitetet i Kristiania frå 1876 til han døydde. Som historikar var han først og fremst oppteken av Noregs historie under Danmark. Han stod for eit konservativt og danskvennleg syn, i motsetnad til Ernst Sars’ negative syn på dansketida.
Ludvig Daae (1834–1910) | |
Ludvig Daae på sine eldre dagar. | |
Nasjonalitet | Noreg |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. desember 1834 Aremark |
Død |
17. mars 1910 (75 år) |
Utdanning | Historie |
Yrke | Universitetsbibliotekar, professor |
Språk | dansk |
Ektefelle | Johanne Sigvarda Koren |
Ludvig Daae (1834–1910) på Commons |
Verk
Ein bibliografi over Daaes skrifter og avhandlingar er i 3. utgåve av Det gamle Christiania, publisert 1924.
- Norske bygdesagn (1870)
- Det gamle Christiania (1871)
- Historiske Skildringer (1873–1878)
- «Fru Inger Ottesdatter og hendes døtre» I: Historisk tidsskrift; bd 3. 1874
- Norges Helgener (1879)
- Nordmænds Udvandringer til Holland og England i nyere Tid: et Bidrag til vor Søfarts Historie (1880)
- Paul Botten Hansen (1888)
- En Krønike om Kvinesdal (1894)
- En Krønike om Erkebiskopperne i Nidaros (1897)
- Norske specielt bergenske Apotheker: historiske Oplysninger (1898)
- Om Stavanger stift i middelalderen (1899)
- Utgjeve posthumt
- Professor, Dr. Ludvig Daaes erindringer og opptegnelser om sin samtid. Utgitt av Nic. Knudtzon. Oslo: Novus, 2003. ISBN 978-82-7099-361-1
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.