Remove ads
britisk marineoffiser og statsmann From Wikipedia, the free encyclopedia
Louis Francis Albert Victor Nicholas Mountbatten, 1. jarl Mountbatten av Burma, opphavleg prins Louis av Battenberg, (25. juni 1900–27. august 1979) var ein britisk admiral og statsmann av tysk opphav. Han var den siste visekongen av India (1947) og den fyrste generalguvernøren i Unionen India (1947–1948), som det moderne India oppstod frå i 1950. Frå 1954 til 1959 var han leiar for den britiske marinen som First Sea Lord, ei stilling far hans, prins Ludwig av Battenberg, hadde hatt i perioden 1912–1914. Mountbatten blei drepen i eit IRA-attentat i 1979 medan han var på fisketur utanfor irskekysten i nærleiken av byen Sligo.
Louis Mountbatten | |||
| |||
Fødd | 25. juni 1900 Windsor Castle | ||
---|---|---|---|
Død | 27. august 1979 Mullaghmore | ||
Tittel | Generalguvernører og visekonger av India, Medlem av Det kongelige råd, medlem av Overhuset, Storbritannias forsvarssjef, First Sea Lord, Lord Lieutenant of the Isle of Wight, Governor of the Isle of Wight | ||
Alle titlar | Earl Mountbatten of Burma, Baron Romsey, Viscount Mountbatten of Burma | ||
Hus eller slekt | Mountbatten | ||
Gravstad | Romsey Abbey | ||
Land | Storbritannia | ||
Mor | Viktoria von Hessen-Darmstadt | ||
Far | Louis Mountbatten, 1. marki av Milford Haven | ||
Ektefelle | Edwina Mountbatten | ||
Barn | Pamela Hicks, Patricia Knatchbull | ||
Medlem | Royal Society |
Louis Mountbatten blei fødd på Windsor Castle som prins Louis av Battenberg, son av prins Ludwig av Battenberg og prinsesse Viktoria av Hessen-Darmstadt. Ludwig av Battenberg var son av prins Alexander av Hessen-Darmstadt (1823−1888) og grevinne Julia von Hauke (1825−1895), som var gift i morganatisk ekteskap. Etterkommarane deira fekk derfor tittelen prins/prinsesse av Battenberg, etter ein småby i Hessen. Battenberg er altså ei morganatisk linje av huset Hessen. Familien Battenberg endra skrivemåten av namnet sitt til det meir engelskklingande Mountbatten i 1917, i samband med første verdskrigen. Louis av Battenberg var oldebarn av dronning Victoria av Storbritannia gjennom mor si.
Lord Mountbatten var bror til Alice av Battenberg, og dermed også onkel til sonen hennar Philip, hertug av Edinburgh. Då Philip gifta seg med prinsesse Elizabeth av Storbritannia, tok han etternamnet Mountbatten.
I byrjinga av andre verdskrigen leidde han den dristige evakueringa av allierte soldatar frå Namsos.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.