Lindås kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lindås kyrkje er ei langkyrkje i tre som vart vigsla 20. september 1865. Kyrkja ligg i Lindås i Alver kommune, Vestland, og vart bygd like vest for der den gamle steinkyrkja stod. Arkitekt var Ole Syslak som og stod for bygginga av andre kyrkjer i Hordaland.
Lindås kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Alver | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland | ||
Sokn | Lindås sokn | ||
Fellesråd | Alver | ||
Type | Langkyrkje | ||
Periode | Gotisk stil | ||
Arkitekt | Ole Syslak | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 20. september 1865 | ||
• Endringar | Bygd om i 1969, kyrkjepark frå 2002 | ||
Kyrkjegard | Kyrkjegard ved kyrkja, samt ein hjelpekyrkjegard | ||
Preikestol | Preikestol frå 1865 | ||
Døypefont | Døypefont i kleberstein, truleg frå 1100-1200-talet | ||
Altartavle | Måleri av krossnedtakinga med teksta «han vart gjeven for våre brot» | ||
Sitjeplassar | 370 sitjeplassar | ||
Diverse | Katekismetavle frå 1613, marmortavler med motiv av kjende personar frå kyrkjehistoria | ||
![]() Lindås kyrkje 60.7369°N 5.1591°E |
Historie
Første gongen ei kyrkje på Lindås vart nemnd var i 1315. Dette var eit steinalter som stod under open himmel. Veggar vart reist seinare, slik at presten stod under tak, medan tilhøyrarane stod på bakken utanfor og høyrde på. Seinare vart det og reist veggar så kyrkjelyden og kom under tak. Denne kyrkja vart bygd på rundt 1600-talet og reparert ved 1700-talet. Ved bygginga av den noverande kyrkja vart gamlekyrkja riven.
Noverande kyrkje
Den noverande kyrkja er ei langkyrkje i tømmer og er bygd like vest for der gamlekyrkja stod. Etter vel hundre år i drift vart kyrkja bygd om i 1969. Kyrkja fekk no nytt våpenhus oppført og dåpsventerom og sakristi vart flytta frå austenda av koret til eigne tilbygg på venstre og høgre side av kyrkja.
Kyrkja fekk sitt første kyrkjeorgel i 1906. Dette vart erstatta i 1978 med eit orgel bygd av J.H. Jørgensen og har 21 stemmer fordelt på 2 manualar i tillegg til pedal. Orgelet vart etterintonert i 1978.
Kyrkja har to kyrkjeklokker. Den eldste klokka vart laga av Laxevaag Værk, Bergen året 1865, medan den andre klokka vart laga av klokkestøyparen O. Olsen & Søn i Tønsberg i 1955.
Prestar i Lindås
- Ludvig Daae (1723–1786) 1754-1786[1]
- Hugo Laurentius Hjorthøy (1778-1849) 1829-1837
- Christen Daae (1776–1854) 1837-1847
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.