From Wikipedia, the free encyclopedia
Leningrad oblast[lower-alpha 1] er eit oblast vest i Russland. Leningrad oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet omfattar omlandet til byen St. Petersburg, som tidlegare heitte Leningrad, men byen sjølv er ikkje del av oblastet. Namnet Leningrad kjem av Vladimir Lenin. Sjølv om byen skifta namn frå Leningrad til St. Petersburg etter kommunismens fall vart det i ei folkerøysting i Leningrad oblast fleirtal for å behalda namnet Leningrad. Provinsen grensar til Finland og Estland, og har kyst til Austersjøen.
Leningrad oblast | |||
Ленинградская область | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Severo-zapadnyj (Nordvestlege) | ||
Del av | Den nordvestlige føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Gattsjina | ||
Areal | 83 908 km² | ||
Folketal | 1 892 711 (1. januar 2021) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
Bilnummer | 47 | ||
Leningrad oblast 60.05°N 31.75°E | |||
Wikimedia Commons: Leningrad Oblast | |||
Delar av Leningrad oblast, på Det karelske neset, var del av Finland fram til Vinterkrigen i 1940. Eit lite grenseområde var del av Estland fram til den andre verdskrigen.
Sidan 1987 har Leningrad oblast hatt eit omfattande samarbeid med Nordland fylkeskommune. Sju kommunar i Nordland har inngått samarbeidsavtalar med kommunar i Leningrad oblast. Dette er: Bodø og Viborg, Narvik og Kingisepp, Vefsn og Volkhov, Steigen og Podporozje, Gildeskål og Lodejnoje Pole, Tysfjord og Kirisji, Ballangen og Tosno.
Dei største byane i Leningrad oblast er Gattsjina (92 940 ibuarar), Viborg (79 960) og Sosnovyj Bor (65 790).[1]
Størsteparten av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
6,7 % oppgav ikkje etnisitet ved folketeljinga. Eit stort tal finnar vart fordrive frå områda som vart overtatt frå Finland etter Vinterkrigen, og finsk-ugriske folkeslag utgjer no berre små minoritetar:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.