Paringsspelet leik[1] er ei åtferd i tida rett før paring, funne blant somme dyreartar, men mest utbreidd blant fuglar. I leiken samlast hannar som freistar å kjempe om gode territorium og utfører konkurrerande oppvisningar for å lokke vitjande hoer som kjem til for å kartlegge potensielle partnarar å pare seg med.[2] Ein leik kan òg indikere ein tilgjengeleg plass som nyttast av hannar for å forsvare sin eigen del av territoriet for hekkesesongen. Ein leikart er prega av mannlege oppvisningar, og hoer som i sterkast grad avgjer partnarvalet. Kjønnsrollene gjev indirekte føremon til hannane og reduserer kostnadar til hoene. Sjølv om åtferda er mest utbreidd blant fuglar som tiur og orrfugl, finst leik òg i eit breitt spekter av virveldyr, inkludert beinfiskar, amfibium, krypdyr og pattedyr, samt leddyr inkludert krepsdyr og insekt.
Spesielt hannar av mange artar utviklar ei kortvarig leikdrakt som skil kjønna i utsjånad, eigenskapen er sterkt utprega hos til dømes brushane.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.