Leif Andreas Larsen (9. januar 190612. oktober 1990), mest kjend under namnet Shetlands-Larsen, var ein norsk krigshelt under andre verdskrigen.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Leif Andreas Larsen
Thumb
Fødd9. januar 1906
FødestadBergen
Død12. oktober 1990
DødsstadBergen
Rangkaptein i forsvaret
Konfliktarandre verdskrigen
Lukk

Leif Larsen vart fødd i Bergen Han er den mest kjende av Shetlandsgjengen, eller dei som tenestegjorde i marineavdelinga Shetlandsbussen under andre verdskrigen. Shetlandsgjengen hadde base på Shetlandsøyane. 52 gongar kryssa han Nordsjøen under krigen, mange gonger i vanlege norske fiskeskøyter. Larsen hadde gode eigenskapar som leiar. Larsen ville ikkje leggja så mykje vekt på sin eigen innsats, og ville heller framheva dei folka han hadde med seg. Han melde seg friviljug til den finske vinterkrigen og under felttoget i Noreg kjempa han på Kongsvinger festning.

Larsen steig i gradene frå utskriven kvartermeister i 1941, til fenrik i 1943, løytnant i 1945 og kapteinløytnant i 1953.

Dekorasjonar

Shetlands-Larsen var verdas høgast dekorerte allierte sjøoffiser. Mellom anna fekk han desse utmerkingane:

Meir informasjon Land, Orden, medalje ...
LandOrden, medaljeMerknadAnna merknad
 NoregKrigskrossenmed sverd og stjerne
 NoregSt. Olavsmedaljen med eikegrein
 NoregKrigsmedaljenmed tre stjerner
 NoregDeltakarmedaljen
 StorbritanniaMedaljen for audsynt vågemod Conspicuous Gallantry MedalBritisk utmerking som vert tildelt offiserar i handelsflåten og marinen. Larsen fekk denne britiske utmerkinga som fyrste utlending
 StorbritanniaMedaljen for framifrå tenester «Distinguished Service Medal»med spenne «& Bar»Britisk utmerking som vert tildelt meinige i handelsflåten og marinen
 StorbritanniaKrossen for framifrå tenester «Distinguished Service Cross»Britisk utmerking som vert tildelt befal i marinen
 StorbritanniaOrdenen for framifrå tenester «Distinguished Service Order»Britisk utmerking tildelt offiserar.
 FinlandDen finske deltakarmedaljenFor deltaking i den fyrste finske vinterkrigen
Lukk

Litteratur

  • Frithjof Saelen: None but the Brave: The Story of "Shetlands" Larsen, Souvenir Press, 1955.

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.