Varslarfamilien (Laniidae) er ein familie av mellomstore sporvefuglar. Familien består av tretti artar delt inn i tre slekter. Både det vitskaplege familienamnet, og namnet på den største slekta, Lanius, er avleidd frå det latinske ordet for «slaktar». Merk at dei australasiatiske slaktarfuglane ikkje er varslarar.
Varslarfamilien | |
Amerikavarslar, Lanius ludovicianus Foto: Terry Ross | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Varslarfamilien Laniidae Rafinesque, 1815 |
Artane har kraftig nebb og lang hale. Dei fleste artane lever i Afrika.
I Noreg hekkar artane varslar og tornskate. I tillegg er rosenvarslar og raudhovudvarslar sjeldne gjester i landet.
Skildring
Varslarane er mellomstore fuglar, opptil 50 centimeter i lengd, med grå, brun eller svart og kvit fjørdrakt. Nebba er bøygde, som på rovfuglar, noko som reflekterer rolla deira som predatorar, og ropa deira er skingrande.
Distribusjon, migrasjon og habitat
Dei fleste varslarartar har ein eurasisk og afrikansk utbreiing, med berre to hekkeartar i Nord-Amerika, amerikavarslar, Lanius ludovicianus og varslar, Lanius excubitor. Det er ingen medlemmer av denne familien i Sør-Amerika eller Australia, men ein art når Ny-Guinea. Varslarane varierer i omfanget av områda sine, med nokre artar som arten varslar spenner over heile den nordlege halvkula til svovelvarslar, Lanius newtoni, som er avgrensa til øya São Tomé.[1]
Dei fleste artane lever i opne habitat, spesielt på stepper og savannar. Men somme av varslarar held seg i skogsområde, og søkjer sjeldan ut på opne stader. Nokre artar hekkar i nordlege breiddegradar i løpet av sommaren, og trekkjer til varmare strøk om vinteren.
Åtferd
Varslarane er kjente for vanen sin med å fange insekt og små virveldyr, for deretter å spidde kroppane deira på tornar. Dette hjelper dei til å rive kjøtet i mindre, meir praktiske fragment som kan handterast, og fungerer som eit lager slik at varslarar kan returnere til matrestar som er sparte til eit seinare tidspunkt.[2] Dei kan spidde giftige grashopparar, venter i 1-2 dagar medan giftstoffa går ut, og et deretter insektet.[3]
Varslarane er territoriale, og vernar desse områda mot andre par. Hos trekkjande artar blir hekketerritoriet forsvart i hekkesesongen, og mindre territorium for beiting blir etablert under trekket og i overvintringsområda.[1] Når fleire artar av varslarar sameksisterer, kan konkurranse om territorium bli intens.
Varslarane gjer regelmessig bruk av godt synlege greiner, der dei sit i ei iaugefallande, oppreist haldning. Desse plassane blir brukte for å sjå etter byttedyr, og for å annonsere for rivalar at dei er til stades i området.
Hekking
Varslarane er generelt monogame hekkefuglar, men polygyny har vorte registrert hos nokre artar.[1] Samarbeidande hekking, kor yngre fuglar hjelper foreldra med å sede opp neste generasjonen av ungfuglar, har vorte registert hos begge artane i slektene Eurocephalus og Corvinella som samt ein art av Lanius. Hannane tiltrekke hoer til territoriet sitt med velfylte matlager, som kan omfatte ikkje-etelege, men klårt farga element. Under kurtisering kan hannen gjennomføre ein ritualisert dans som inkluderer handlingar som etterliknar spidding av byttedyr på tornar og vil mate hofuglen. Varslarane byggjer enkle, koppforma reir av kvister og gras, i buskar og i låge greiner på tre.[2]
Artslista
Varslarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]
Slekt Lanius
- Tigervarslar, Lanius tigrinus, Tiger Shrike, Drapiez, 1828, (LC)
- Oksevarslar, Lanius bucephalus, Bull-headed Shrike, Temminck & Schlegel, 1845, (LC)
- Tornskate, Lanius collurio, Red-backed Shrike, Linné, 1758, (LC)
- Raudhalevarslar, Lanius phoenicuroides, Red-tailed Shrike, Schalow, 1875, (LC)
- Isabellavarslar, Lanius isabellinus, Isabelline Shrike, Hemprich & Ehrenberg, 1833, (LC)
- Brunvarslar, Lanius cristatus, Brown Shrike, Linné, 1758, (LC)
- Kastanjevarslar, Lanius collurioides, Burmese Shrike, Lesson, 1831, (LC)
- Dvergvarslar, Lanius gubernator, Emin's Shrike, Hartlaub, 1882, (LC)
- Indiavarslar, Lanius vittatus, Bay-backed Shrike, Valenciennes, 1826, (LC)
- Rustvarslar, Lanius schach, Long-tailed Shrike, Linné, 1758, (LC)
- Tefravarslar, Lanius tephronotus, Gray-backed Shrike, Vigors, 1831, (LC)
- Bergvarslar, Lanius validirostris, Gray-capped Shrike, Ogilvie-Grant, 1894, (NT)
- Amerikavarslar, Lanius ludovicianus, Loggerhead Shrike, Linné, 1766, (NT)
- Borealvarslar, Lanius borealis, Northern Shrike, Vieillot, 1808, (LC)
- Krattvarslar, Lanius meridionalis, Iberian Gray Shrike, Temminck, 1820, (VU)
- Varslar, Lanius excubitor, Great Gray Shrike, Linné, 1758, (LC)
- Rosenvarslar, Lanius minor, Lesser Gray Shrike, Gmelin, 1788, (LC)
- Kinavarslar, Lanius sphenocercus, Chinese Gray Shrike, Cabanis, 1873, (LC)
- Akasievarslar, Lanius excubitoroides, Gray-backed Fiscal, Prévost & Des Murs, 1847, (LC)
- Swahilivarslar, Lanius cabanisi, Long-tailed Fiscal, Hartert, 1906, (LC)
- Savannevarslar, Lanius dorsalis, Taita Fiscal, Cabanis, 1878, (LC)
- Somalivarslar, Lanius somalicus, Somali Fiscal, Hartlaub & Heuglin, 1859, (LC)
- Skogbrynvarslar, Lanius mackinnoni, Mackinnon's Shrike, Sharpe, 1891, (LC)
- Bekryggvarslar, Lanius humeralis, Northern Fiscal, Stanley, 1814
- Svartryggvarslar, Lanius collaris, Southern Fiscal, Linné, 1766, (LC)
- Miombovarslar, Lanius souzae, Souza's Shrike, Barboza du Bocage, 1878, (LC)
- Svovelvarslar, Lanius newtoni, Newton's Fiscal, Barboza du Bocage, 1891, (CR)
- Kvitpannevarslar, Lanius nubicus, Masked Shrike, Lichtenstein, 1823, (LC)
- Raudhovudvarslar, Lanius senator, Woodchat Shrike, Linné, 1758, (LC)
Slekt Corvinella
- Gulnebbvarslar, Corvinella corvina, Yellow-billed Shrike, Shaw, 1809, (LC)
- Skjorvarslar, Corvinella melanoleuca, Magpie Shrike
Slekt Eurocephalus
- Kvitgumpvarslar, Eurocephalus ruppelli, White-rumped Shrike, Bonaparte, 1853, (LC)
- Kvitkronevarslar, Eurocephalus anguitimens, White-crowned Shrike, Smith, A, 1836, (LC)
IOC World Bird List har anerkjent to andre Lanius-artar som framleis manglar norsk namn: Lanius pallidirostris og Lanius marwitzi. [6]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.