From Wikipedia, the free encyclopedia
Langfredagsavtala (også kalla Belfastavtala, enkelte gonger Stormontavtala) var ei prinsippavtale om fredsprosessen i Nord-Irland mellom den britiske og den irske regjeringa. Ho blei signert 10. april 1998, og blei støtta av dei fleste politiske partia i Nord-Irland. Avtalen blei stadfesta gjennom skilde folkeavrøystingar i Nord-Irland og Republikken Irland i mai 1998.
Dei viktigaste punkta som blei slegne fast i avtala er:
Somme av hovudpunkta blei vagt formulert, slik at alle grupper kunne godta avtala. Dette har ført til at det har vore vanskeleg å få gjennomført nokre av punkta, særskilt avvæpninga av paramilitære grupper. Dette skulle vore gjort innan mai 2000, men pr. desember 2006 er prosessen ikkje fullført, men mengder av våpen er øydelagt. Det har vore ein enorm nedgang i valdelege hendingar knytte til konflikten.
I mai 1998 blei det halde separate folkeavrøystingar i Nord-Irland og Republikken Irland, for å stadfeste avtala. «Ja»-sida vann ein klår siger i begge avrøystingane, men i Nord-Irland røysta heile 29 % «nei». Dette var for det meste unionistar som var motstandarar av at det, i deira auge, blei gjeve etter for krav frå nasjonalistar og republikanarar. Ut frå meningsmålingar ser det likevel ut til at eit lite fleirtal av unionistane røysta «ja».
I Republikken blei folkeavrøystinga utført som ein avrøysting om ei grunnlovsendring, det 19. tillegg til Grunnlova. Dette tillegget var både ei godkjenning av Langfredagsavtala, og bortfall av det territorielle kravet på Nord-Irland i Grunnlovens §§ 2 og 3. Det var også arrangert folkeavrøysting om Amsterdamavtala same dag.
Resultata av og oppmøtet i folkeavstemmingane var:
Ja | Nei | Oppmøte | |
---|---|---|---|
Nord-Irland | 676 966 (71%) | 274 879 (29%) | 81% |
Republikken Irland | 1 442 583 (94%) | 85 748 (6%) | 56% |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.