Laksefamilien (Salmonidae) er ein familie beinfiskar som er utbreidd både i ferskvatn og saltvatn, hovudsakleg på den nordlege halvkula. Ein god del av artane er dessutan anadrome, det vil seie at dei gyter i ferskvatn men lever vaksenlivet sitt i havet. Mange av fiskane i gruppa er viktige både som mat- og sportsfisk.

Kjappe fakta
Laksefamilien
Thumb
Kanadarøye (Salvelinus namaycush)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Protacanthopterygii
Orden: Laksefiskar Salmoniformes
Familie: Laksefamilien Salmonidae
Cuvier, 1816
Lukk

Gruppa omfattar mange av dei viktigaste fiskeslaga i ferskvatn i Noreg. Artar som laks, aure, røye, sik, lågesild og harr høyrer alle til familien.

Kjenneteikn

Artane i familien vert rekna som relativt primitive beinfiskar, mellom anna sidan dei har bukfinnane langt bak og brystfinnane langt nede på kroppen. Fiskane i gruppa er stort sett spoleforma med ei viss grad av flattrykking frå sidene. Dei har feittfinnar mellom rygg- og halefinnane sine. Dette er eigentleg ikkje ekte finnar, men feittstrukturar som manglar finnestrålar og tener til å hindra danning av straumvirvlar og såleis hindra turbulens.

Dei største artane i familien kan oppnå lengder på 150 cm og ei vekt på godt over 50 kg.

Kjelder

  • Jonsson, Bror: «Laksefisker» i Norges dyr, Cappelen 1992
  • FishBase

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.