Lygn eller løgn er ein usann påstand eller erklæring framstilt som ei sanning. Lygn går føre seg mellom menneske når lygnaren seier noko han eller ho veit i røynda ikkje stemmer med dei faktiske tilhøva, med det føremål å få nokon til å tru det er sanning.

Thumb
Representasjon av løgn i kyrkja Saint-André i Sauveterre-de-Béarn i Frankrike.

Lygn er eit etisk omgrep. Kvar einaste uttale med sikte på å villeia ut frå eigen oppfatning av røynda kan karakteriserast som lygn i etisk forstand. Dette kan òg innebera å seia noko som faktisk er i samsvar med dei faktiske tilhøva. Eit klassisk døme på dette: Styrmannen skreiv i skipsloggen: «I dag er kapteinen edru». Ei slik utsegn tyder i røynda på at kapteinen er ein fyllik, noko som slett ikkje treng vera tilfelle. Altså kan styrmannen ha sagt noko som er sant eller eit faktum, men på ein måte som har til formål å villeie. Dette blir i så fall lygn.

Lygn er ikkje det motsette av sanning. Lygna sitt motstykkje er oppriktigheit, eller ærlegheit. (Det motsette av sanning er usanning). Det går fint an å seia ei usanning utan å lyge. Ein kan vera i god tru, vera feilinformert, ha misforstått, feiltolka, vere ført bak lyset av andre, og liknande.

Ein person som lid av ein indre tvang til å lyge blir kalla mytoman eller - noko misforstått - lystlygnar.

Kvite og svarte lygner

Ei kvit lygn er ei lygn eller medviten usann ytring som ikkje har til føremun å gjere skade, men som til dømes kan nyttast for å unngå ein ubehageleg situasjon. Ei kvit lygn kan òg vera ei tvitydig utsegn som legg opp til feil tolking hjå mottakaren. Det motsette av kvit lygn kan vere svart lygn, som har til føremun medvite å skade andre.

Sjå òg

  • Narrestrek (practical joke)
  • Hoax
  • Bløff
  • Svindel,
  • Forfalskning

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.