Kutter

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kutter

Kutter er eit mellomstort segl- eller motorfartøy. Ein kutter kunne ha ei eller to master. Dei fyrste norske kutterane vart kjøpte frå England, sist på 1800-talet[treng kjelde]. Til skilnad frå dei fleste seglskip, som vert klassifiserte etter riggen, syner «kutter» til forma på skroget; vertikal stamn og rund utoverhengande hekk. Kutterar hadde gaffelsegl, og ofte toppsegl, på stormasta. Dei hadde òg eit par stagsegl.

Thumb
Kutteren «Le Mutin», nytta som skuleskip i den franske marienen.
Thumb
Ein kutter som har ankra opp og mannskapet er i ferd med å berga segla. Till høgre ein kutter for fulle segl.

Motorkutter

Mange kutterar vart utstyrte med motor, og vart då kalla «motorkutter». Kutterar vart svært populære, spesielt på Vestlandet og motorkutterar var i bruk til langt ut på 1960-talet. Det oppstod betegnelsar som «mørekutter» og «hardangerkutter».

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kutter


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.