Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kroppsmåling er dekorering av naken menneskehud ved hjelp av ulike pigment. Blant fleire folkegrupper, mellom anna urfolk i Afrika, Nord-Amerika og Oseania, er kroppsmåling ein del av tradisjonell kultur for å smykka kroppen. Slik pynt kan inngå som del av rituelle handlingar og seremoniar, til dømes i form av krigsmåling. I moderne vestleg kultur blir kroppsmåling oftare brukt for å skapa merksemd om ei sak, ikkje sjeldan som ei politisk ytring i ein protestaksjon, eller som eit kunstuttrykk. Sportssupporterar målar ofte ansikt og overkroppar med flagg og fargar til det laget dei heiar på. Jegerar og soldatar kan kamuflera seg med mørk eller flekkete ansikts- og kroppsmåling.
Sminke blir vanlegvis ikkje kalla kroppsmåling.
Tatovering er ei varig form for kroppsdekor.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.