Remove ads
norsk professor og fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kristian Birkeland (13. desember 1867–15. juni 1917) var ein norsk fysikar frå Oslo som nådde heilt opp i nobelpris-klassen. Det fulle namnet hans var Kristian Olaf Bernhard Birkeland.
Kristian Olaf Bernhard Birkeland | |||
Kristian Birkeland, 1900 | |||
Fødd | Kristian Olaf Bernhard Birkeland 13. desember 1867 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 15. juni 1917 (49 år) Tokyo i Japan | ||
Bustad | Noreg | ||
Statsborgarskap | Norsk | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | fysikar, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Kjend for | Birkeland-straum Birkeland-Eyde-prosess Forsking på polarlys Elektromagnetisk kanon | ||
Ektefelle | Ida Charlotte Hammer | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Den 6. oktober 1898 vart Birkeland utnemnd til professor i fysikk ved det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania. Då var han berre 31 år gamal.
Birkeland studerte elektrisitet og magnetisme. Han fann ei forklaring på fenomenet nordlys, aurora borealis, og klarte å simulere prosessen i laboratoriet sitt. Birkeland var populær i Frankrike og Tyskland, men ideane hans fann mindre grobotn i England. Noko av grunnen kan vere at den respekterte britiske fysikaren Lord Kelvin blankt avviste at sola kunne vere årsak til nordlys.
Birkeland var og først ute med ei generell løysing av Maxwells likningar og var nær ved å oppdage elektronet. Joseph John Thomson, den offisielle oppdagaren av elektronet siterer Birkeland i sin publikasjon. Birkeland kan og ha oppdaga røntgenstrålar før Röntgen sjølv og det er mogleg at Birkeland var den første som brukte strålane til å fotografere knoklane i ei hand.
Birkeland freista òg å utnytta kunnskapane sine om elektrisitet kommersielt. Han teikna og bygde prototypen til ein elektrisk kanon som skulle revolusjonere krigsindustrien. Om det var flaks eller uflaks skal vere usagd, men kanonen kortslutta under fyrste demonstrasjonen.
Rik vart han i alle fall, for metodane han hadde utvikla vart tekne i bruk i produksjonen av kunstgjødsel. Saman med ingeniøren Sam Eyde oppfann han Birkeland-Eyde-metoden for utvinning av nitrogen frå luft. Prosessen vart grunnlaget for Norsk Hydro. Prinsippa bak den elektriske kanonen er i dag i bruk i utviklinga av sokalla Rail gun i det amerikanske forsvaret.
Eige observatorium i Egypt fekk han seg òg. Birkeland budde i Egypt frå 1914 til 1917. Han døydde i Tokyo på ei reise i Japan, 49 år gamal. Birkeland hadde vore sjuk lenge, men eit langvarig forbruk av sovepiller seiast å ha gjeve grobotn for rykte om at han hadde teke sjølvmord. Dette kan vere noko av grunnen til at han ikkje fekk meir merksemd i tiåra etter sin død, men at han kom frå eit fattig land langt vekke frå Oxford, Paris og Cambridge var vel så viktig.
Birkeland rakk å blitt nominert til nobelprisar i fysikk og kjemi fleire gonger og assistentane hans vart seinare leiande i den moderne fysikken i Noreg.
Gravskrift: «Han bandt luftens kvelstoff i den elektromagnetiske lysbue. Han utforsket nordlysets natur, solens elektriske stråling og jordens magnetiske felt.»
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.