Kristian Ødegård

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kristian Ødegård

Bent Kristian Ødegård (fødd 12. april 1974) er ein norsk programleiar og regissør frå i Oslo. Han er kjend for å ha stått bak serien Nissene på låvenTVNorge og for si etterlikning av Roald Øyen i rolla som programleiar for påske- og julenøttene på TV 2. Han vart for fullt kjend då han vann Ødegård Skal vi danseTV2 i 2006.[1] I tillegg er han kjend for sitt samarbeid med Dag Otto Lauritzen i programma På hjul med Dag Otto, På tur med Dag Otto, Huskestue og Kompani Lauritzen.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Kristian Ødegård
Thumb
Fødd12. april 1974 (51 år)
FødestadOslo
FødenamnBent Kristian Ødegård
Verka somprogramleiar, TV-produsent, humorist
PrisarGullruten for beste programleder
Lukk

Bakgrunn

Kristian Ødegård vaks opp i Oslo. I ein alder av åtte byrja han på danskeskule.[1] Han er utdanna ved Lambertseter videregående skole, Luftforsvarets befalsskole frå 1993 til 1994 og Westerdals reklameskole frå 1996 til 1998.

I samband med produksjonen av Nissene på låven i 2001, stifta Ødegård selskapet Seefood TV saman med Espen Eckbo og Aleksander Herresthal.[2]

I 2006 var Ødegård med som kjendisdeltaker i underholdningsprogrammet Skal vi danseTV 2. Ødegård vann konkurransen og året etter vart han programleiar for det samme programmet saman med Guri Solberg. Ødegård har òg vore programleiar for Gullfisken og ei rekkje andre arrangement.

Frå 2010 sykla Ødegård rundt i Europa saman med Dag Otto Lauritzen i programmet På hjul med Dag Otto, frå og med tredje sesong endra dei namnet til På tur med Dag Otto.

TV-produsent

  • Nissene på låven, TVNorge 2001
  • Nissene bak låven, TVNorge 2002
  • På klozz hold, TVNorge, 2002
  • Tonight med Timothy Dahle, TV 2 2003
  • TV 2-nøttene, TV 2 2004–2008
  • Jul i Tøyengata, TVNorge 2006
  • Lille Nøtteaften, TV 2 2006–2008
  • Nissene over skog og hei, TVNorge 2011

Programleiar

Prisar

  • Gullblyanten, gull i samfunnsinfo, 1999, sølv i interaktive medier, 2000
  • Aftenpostens revypris, 2000
  • Nissene på låven nominert til Amandaprisen 2002 i klassen beste dramatiske fjernsynsproduksjon
  • Gullrutennominert for beste humorprogram, TV 2-nøttene, 2005 og 2006
  • Gullruten 2016 i klassen beste mannlige programleder for Huskestue

Nominasjonar

  • Nominert til Gullruten 2018 i klassen beste mannlige programleder for Huskestue[4]
  • Nominert til Gullruten 2019 i klassen beste programleder sammen med Dag Otto Lauritzen for På tur med Dag Otto[5]
  • Nominert til Gullruten 2022 i klassen publikumsprisen sammen med Dag Otto Lauritzen for Kompani Lauritzen[6]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.