fjord i Hordaland From Wikipedia, the free encyclopedia
60°9′48.154″N 5°8′14.935″E Korsfjorden er ein fjord i kommunane Sund, Austevoll, Bjørnafjorden og Bergen. Han ligg mellom Austevoll i sør og Sotra i nord og deler seg i fire lenger aust. I nord går Raunefjorden nordover til Byfjorden, i sør går ein arm ned til Bjørnafjorden, rett aust går Lysefjorden vidare austover, og i nordaust går Fanafjorden nordaustover. Fjorden har ei lengd frå aust til vest på 16 km, men til botn av Fanafjorden er det 24 km.
Fjorden har innløp mellom Marstein fyr i sør og holmen Tekslo i nord. På sørsida ligg øyane Stora Kalsøy, Hundvåko og Store Skorpa og Varden. Aust for Varden ligg det nordlege innløpet til Bjørnafjorden. På nordsida ligg Toftøya og øya Sotra. Mellom Toftøya og Sotra går Austefjorden 8 km nordover. Aust for Sotra held Raunefjorden fram nordover. Krokenes vest for Krokeide skil Lysefjorden i sør frå Fanafjorden på nordsida.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.