From Wikipedia, the free encyclopedia
Korntrikken var ei sporvognsrute i Oslo med godstrikkar, som frå 1918 og fram til 1967 transporterte korn frå kornsiloen på Vippetangen i Oslo hamn og på det ordinære sporvegsnettet opp gjennom byen over Grünerløkka til dei to møllane Nedre Foss mølle på Grünerløkka og Bjølsen Valsemølle på Sandaker. Båe møllane låg attmed Akerselva, og hadde opphavleg elva som kjelde til drivkrafta. Til kornsiloen på Vippetangen kom kornet i båt.
Transporten på strekninga opp til mølla på Sandaker tok til i 1918, medan transporten til mølla på Grünerløkka tok til seinare. Dei fyrste åra vart det nytta ombygde, gamle trikkar. Seinare kom spesialbygde korntrikkar, som var måla i ein grå farge.
Nedre Foss mølle er lagd ned og sjølve mølla rive i 1986, medan siloen ved mølla er bygd om til studenthyblar, Grünerløkka studenthus, etter å ha vorte kjøpt av Studentsamskipnaden i Oslo i 2000. Her er ein kopi av fronten på dei gamle, spesialbygde korntrikkane stilt ut attmed inngangsdøra. Mølla på Sandaker er framleis i drift, og kornet vert framleis frakta opp dit frå den same siloen på Vippetangen, men no i spesialbygde tankbilar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.