Kolibri kapital er ein norsk mikrokredittinstitusjon. Kolibri kapital låner ut heile sin aksjekapital til små mikrobankar i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Desse står i sin tur for små utlån til fattige som har ein sunn forretningsidé, men som er avskore frå å låne i lokale bankar av di dei ikkje kan stille trygging. Mikrokreditt og mikrofinans generelt har fått stadig fleire tilhengarar som ei særleg effektiv form for utviklingshjelp.

Kolibri kapital skal vera økonomisk sjølvberande og har som mål å gje aksjonærane eit moderat økonomisk utbyte i tillegg til den sosiale avkastninga på investeringa.

Selskapet har sitt utspring i kyrkjelege miljø, men er livssynsnøytralt.

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.