Kjersti er eit kvinnenamn danna som ei norsk kortform av Kristina. Det har namnedag den 18. oktober saman med nærskylde Kjerstin. Kirsti er eit liknande namn.
Kristina kjem opphavleg frå det latinske Christiana, 'kristen', som er er avleidd av det greske ordet for Kristus, Christós, som tyder 'salva'.
Namnet er mellom anna kjend frå folkevisa «Liti Kjersti», om ei Kjersti som blir bergteken.
Namnet var mykje brukt i andre halvdelen av 1900-talet, med ein brukstopp frå 1960- til 1970-åra. I 2009 var det 7 617 norske kvinner som heitte Kjersti.
Kjende namneberarar
- Kjersti Evindsdotter Haugland (1796–1881), norsk forteljar og tradisjonsberar
- Kjersti Scheen (f. 1943), norsk forfattar
- Kjersti Ericsson (f. 1944), norsk kriminolog, forfattar og politikar
- Kjersti Graver (1945–2009), norsk jurist
- Kjersti Alveberg (1948-2021), norsk dansar og koreograf
- Kjersti Holmen (1956-2021), norsk skodespelar
- Kjersti Myrnes Balto (f. 1962), norsk sametingspolitikar
- Kjersti Wold (f. 1962), norsk forfattar
- Kjersti Løken Stavrum (f. 1969), norsk journalist
- Kjersti Tysse Plätzer (f. 1972), norsk kappgjengar
- Kjersti Buaas (f. 1982), norsk snøbrettkjørar
Kjelder
- Søk etter norsk namnestatistikk for Kjersti hjå Statistisk Sentralbyrå
- «Kjersti» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.