Kirkenær
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kirkenær er ein tettstad og administrasjonssenteret i Grue kommune i Hedmark i Innlandet fylke. Tettstaden ligg ved riksveg 2 og Solørbanen, om lag 37 km nord for Kongsvinger, og har 1 225 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Kirkenær | |||
tettstad | |||
Stasjonsvegen mot Kirkenær stasjon | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Grue | ||
Areal | 1,95 km² | ||
Folketal | 1 225 (2024) | ||
Folketettleik | 628 / km² | ||
Postnummer | 2256 GRUE FINNSKOG | ||
Preposisjon | på Kirkenær | ||
![]() Kirkenær 60.4579°N 12.05855°E | |||
Wikimedia Commons: Kirkenær | |||
Kirkenær har vakse fram som tenest- og handelssenter for store delar av Solør-distriktet. Staden har mølle og kornsilo og industri innan trevyrke, elektronikk, jarn- og metallvarer.
Gruetunet museum er eit friluftsmuseum med avdeling som viser finnekulturen i Sør-Noreg. Grue kyrkje frå 1828, vart restaurert i 1976. Ved kyrkja står ein minnestein over dei 122 omkomne etter kyrkjebrannen 1. pinsedag 1822, den største kyrkjebrannen i Noregs historie.[1]
Glamox Luxo er ei hjørnesteinsbedrift på staden som produserer armbaserte lampar.[2]
Bilete frå Kirkenær
- Grue kyrkje frå 1825.
- Kirkenær stasjon på Solørbanen har ingen persontrafikk i dag.
- Garden som har gitt namn til staden
Sjå òg
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.