Khersónisos (gresk Χερσόνησος) er ein by og kommune nord på Kreta i Hellas. Byen ligg om lag 25 kilometer aust for Iráklio og vest for Ájos Nikólaos. Det som til vanleg vert kalla Khersónisos er halvøya og hamna Liménas Khersonísou. Khersónisos er ein del av periferieininga Iráklio, og ligg 25 kilometer frå Iráklio internasjonale lufthamn, Níkos Kazantzákis og 27 kilometer frå Iráklio hamn. Kommunesenteret ligg i landsbyen Goúrnes.[2]
Khersónisos Lokalt namn Χερσόνησος | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Kreta |
Koordinatar | 35°19′N 25°23′E |
Areal | 271,6 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Kreta Iráklio |
Hovudsete | Goúrnes (1 877 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 27 220 (2021[1]) |
Folketettleik | 100,2 /km² |
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 27 220 innbyggjarar, medan kommunaleininga Khersónisos hadde 12 095 og tettstaden med same namn 1 301 innbyggjarar.[1]
Khersónisos er retta mot reiselivsnæringa, og er ein populær stad for nederlandske, irske, serbiske og tyske statsborgarar. I nærleiken av hamnen ligg fleire nederlandske snackbarar og irske pubar.[3] På austsida er store hotell og Star Beach med mellom anna barar, symjebasseng, spel og go-kart. I hovudgata er det mange souvenirbutikkar samt andre butikkar og restaurantar. Khersónisos har òg eit lite akvarium kalla Aquaworld Aquarium, der dei har fisk og andre sjødyr frå havet utanfor Khersónisos.[4] Lychnostatis Open Air Museum er ein rekreaksjon av ein tradisjonell kretisk landsby.[5] I tillegg er nattelivet viktig, og byen har diskotek, nattklubbar, barar og pubar. Byen har òg strender.
Som mange lokalsamfunn på Kreta er den lokale økonomien ikkje berre basert på turisme, men òg landbruk. Om hausten, då dei fleste turistane er vekke, tener mange penger på å hauste oliven.
Den nederlandske versjonen av den amerikanske fjernsynsserien Jersey Shore vart spelt inn i Khersónisos. Serien er kalla Oh Oh Cherso og handlar om ei gruppe unge menneske frå Haag som er på ferie i Khersónisos.
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[6] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Mália | Mália | 3 224 | 3 522 |
Káto Goúves | Goúves | 2 153 | 2 630 |
Liménas Khersonísou | Khersónisos | 2 968 | 2 469 |
Goúrnes | Goúves | 1 628 | 1 877 |
Kháni tou Kokkíni | Goúves | 1 755 | 1 733 |
Khersónisos | Khersónisos | 1 115 | 1 301 |
Análipsi | Khersónisos | 1 343 | 1 107 |
Karterós | Goúves | 810 | 1 106 |
Stalída | Mália | 1 237 | 1 092 |
Vathianós Kámbos | Goúves | 946 | 1 080 |
Episkopí | Episkopí | 962 | 933 |
Eléa | Goúves | 884 | 929 |
Mokhós | Mália | 825 | 751 |
Goúves | Goúves | 539 | 633 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.