From Wikipedia, the free encyclopedia
Kent Johanssen (fødd 30. juni 1970 i Oslo) er ein tidlegare norsk skihoppar. Han vann VM-sølv i 1991 og kom elles to gongar på pallen i verdscupen. Frå NM-tevlingar fekk han med seg tre sølv- og to bronsemedaljar. Johanssen tevla for Bækkelagets Sportsklub.
Kent Johanssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. juni 1970 (54 år) Noreg |
Idrett | skihopping |
Johanssen debuterte i verdscupen den 5. mars 1989 med å bli nr 3 i Holmenkollen, bak den suverene vinnaren Jens Weissflog frå DDR og landsmannen Jon Inge Kjørum. Ei dryg veke etter vart Johanssen verdsmeister for juniorar, på heimebane på Vang i Hedmark. Helga deretter deltok han i verdscupen Planica, der han enda på andreplassen.
Før verdsmeisterskapen i Val di Fiemme i 1991 var det små forventingar til Johanssen. Rett nok tok han sølv i begge NM-tevlingane, bak Espen Bredesen, men ein 20. plass i Oberstdorf var den beste plasseringa i verdscupen. Han overraska stort under rennet i normalbakken, berre slått av austerrikaren Heinz Kuttin. Resten av verdsmeisterskapen og verdcupsesongen hamna han svært langt ned på resultatlistene.
Sesongane 1993-95 var Johanssen ute av landslaget. Han kom med att i 1995, og presterte eit par gode tevlingar. Ein fjerdeplass i Oberhof på forsesongen 1995/96 var hans beste plassering. Seinare same sesongen vekte han stor åtgaum då han ved landinga på 110 meter under NM i Kløvsteinbakken i Meldal miste eine skia. Med eit lite stykke kunst makta Johanssen å halde seg ståande på den gjenverande skia til over fallgrensa, og vart nummer fire.
Han la opp i 1997.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.