From Wikipedia, the free encyclopedia
Kenji Ogiwara (fødd 20. desember 1969) er ein japansk, tidlegare kombinertløpar og seinare politikar frå Kusatsu. Han vart verdsmeister i nordisk kombinert både i 1993 og 1997, og tok ein bronsemedalje i kombinertsprinten i 1999. Perioden 1992-95 vann Japan, med Kenji Ogiwara på laget, fire strake gullmedaljar for lag i to olympiske meisterskap og to verdsmeisterskap. Han vann 17 verdscuprenn og fekk i tillegg tolv andreplassar og to tredjeplassar.
Kenji Ogiwara | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 20. desember 1969 (54 år) Kusatsu |
Idrett | kombinert |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Kombinertløparen Tsugiharu Ogiwara var tvillingbror hans.
Kenji Ogiwara debuterte i verdscupen i kombinert på tampen av 1991-sesongen, i sveitsiske St. Moritz vart han nummer ti. Han oppnådde ein fjerdeplass i eit verdscuprenn i Breitenwang i januar 1992, før han kom på sjuandeplass under vinterleikane i Albertville. Den 9. februar gjekk han Japan inn til OL-gull i lagtevlinga i kombinert, dei andre på laget var Reiichi Mikata og Takanori Kōno. Denne gullmedaljen var den fyrste av fire strake til Japan i lagtevlinga. I ski-VM 1993 i Falun paraderte Ogiwara i mål, over tre og eit halvt minutt føre sølvlaget frå Noreg. Både i 1993, under vinter-OL 1994 og i VM 1995 hadde Ogiwara med seg førnemnde Kono og Masashi Abe på laget. I 1995 var tevlinga utvida til å gjelde fire mann, Ogiwara sin tvillingbror Tsugiharu Ogiwara kompletterte då laget.
Kenji Ogiwara vart dobbelmeister i Falun i 1993, då han vann ein overlegen siger i den individuelle kombinertøvinga, han var i mål over halvtanna minutt før sølvmedaljøren Knut Tore Apeland frå Noreg. Han vart så nummer fire i kombinert i vinterleikane på Lillehammer i 1994, og nummer fem i verdsmeisterskapen på ski i Thunder Bay i 1995. Ogiwara vart så i 1997 verdsmeister individuelt for andre gong. Under vinter-OL på heimebane i Nagano i 1998 lukkast han ikkje heilt og måtte nøye seg med ein fjerdeplass individuelt. Heller ikkje i lagtevlinga i kombinert vart det japansk OL-medalje.
Frå 1999 var det to individuelle kombinertøvingar i dei store meisterskapa. Ogiwara vann bronsemedaljen i sprintøvinga under VM 1999 i Ramsau og vart nummer seks i normaløvinga. To år seinare vart han høvesvis nummer fem og sju i dei to øvingane under ski-VM 2001 i Lahti. I sin siste meisterskap, vinter-OL 2002 i Salt Lake City, vart han nummer elleve.
I 1995 vart Ogiwara tildelt Holmenkollmedaljen.
Nr. | Dato | Stad | Land |
---|---|---|---|
1 | 5. desember 1992 | Vuokatti | |
2 | 12. desember 1992 | Courchevel | |
3 | 19. desember 1992 | St. Moritz | |
4 | 23. januar 1993 | Saalfelden | |
5 | 5. mars 1993 | Lahti | |
6 | 20. mars 1993 | Štrbské Pleso | |
7 | 4. desember 1993 | Saalfelden | |
8 | 11. desember 1993 | St. Moritz | |
9 | 15. desember 1993 | St. Moritz | |
10 | 8. januar 1994 | Schonach | |
11 | 22. januar 1994 | Trondheim | |
12 | 10. januar 1995 | Val di Fiemme | |
13 | 14. januar 1995 | Liberec | |
14 | 3. februar 1995 | Falun | |
15 | 9. februar 1995 | Oslo | |
16 | 18. februar 1995 | Bad Goisern | |
17 | 23. mars 1995 | Sapporo | |
18 | 13. januar 1996 | Štrbské Pleso | |
19 | 10. februar 1996 | Chaux-Neuve |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.