From Wikipedia, the free encyclopedia
Karlsøya (nordsamisk Gálsá) er ei øy i Karlsøy kommune i Troms. Namnet Karlsøy kjem av mannsnamnet Kalfr eller av Kalven, i tydinga «den vesle øya som ligg ved den store», det vil seie øya Vanna. Karlsøya ligg altså rett sør for Vanna og nordaust for Reinøya. Øya har vore kyrkjestad i fleire hundre år og kommunesenter i Karlsøy kommune.
Karlsøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 70°00′23″N 19°54′26″E |
Høgaste punkt | Veten (206 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Troms |
Demografi | |
Folketal | 35 |
På grunn av berggrunnen har Karlsøya ein rik flora, spesielt av orkidéar. Mange planter har den nordlege grensa si her. Kyrkjestaden er dominert av den staselege Karlsøy kyrkje frå 1854, og været elles er prega av gamle, fine trehus. Dei om lag 35 innbyggjarane lever her i eit bilfritt tilvære. Innbyggjarane er dels dei gamle karlsøyværingane, dels innflyttarar som kom i løpet av 1970-talet. Dei sistnemnde søkte, inspirert av hippie-rørsla, tilbake til eit enklare og meir naturleg tilvære.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.