From Wikipedia, the free encyclopedia
Kong Carl XVI Gustaf av Sverige (uttalt «gustav») (fødd 30. april 1946) har vore konge av Sverige frå 15. september 1973. Han etterfylgde bestefaren Gustav VI Adolf av Sverige som konge. Han vart den 19. juni 1976 gift med Silvia Sommerlath.
Carl XVI Gustaf av Sverige | |||
Kong Carl XVI Gustaf (2023) | |||
Konge av Sverige | |||
Regjeringstid | 15. september 1973 – | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Carl Gustaf Folke Hubertus Bernadotte | ||
Titlar | Prins av Sverige (1946–1950) Kronprins av Sverige (1950–1973) Konge av Sverige | ||
Fødd | 30. april 1946 | ||
Fødestad | Haga slott | ||
Føregangar | Gustav VI Adolf | ||
Gemalinne | Silvia | ||
Gift med | Silvia av Sverige | ||
Dynasti | Bernadotte | ||
Motto | För Sverige - i tiden | ||
Far | Gustaf Adolf | ||
Mor | Sibylla | ||
Born | Victoria av Sverige, Carl Philip av Sverige, Madeleine av Sverige |
Foreldra hans var prins Gustaf Adolf av Sverige og Sibylla av Sachsen-Coburg-Gotha. Prins Gustaf Adolf omkom i ei flyulukke 26. januar 1947.
Carl Gustaf er busett på Drottningholms slott, like utanfor Stockholm. På fritida driv han mellom anna med jakt og bilkøyring. Carl Gustaf er admiral i det svenske sjøforsvaret. I hæren og luftforsvaret er han general.
Carl Gustafs slekt har namnet Bernadotte. Slekta kom til Sverige med Jean Baptiste Bernadotte, som vart kong Karl III Johan av Noreg, og Karl XIV Johan av Sverige.
Han vart i 1974 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.
Høgvyrde Prins Carl Gustaf av Sverige, hertug av Jämtland (1946–1950)
Høgvyrde Kronprins Carl Gustaf av Sverige, hertug av Jämtland (1950–1973)
Hans Majestet Kong Carl XVI Gustaf av Sverige
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.