Kannesteinen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kannesteinen

Kannesteinen er ein spesiell stettforma stein som står i fjøra i bygda Oppedalen på Vågsøy i Kinn kommune i Vestland.

Thumb
Kannesteinen i solnedgang

Kannesteinen har vorte forma av lause steinar og bølgjedraget gjennom tusenvis av år. Steinane har rugga fram og tilbake og vorte tilslipne, medan dei har grove seg nedover i fjellet. Etter kvart som nye steinar har kome til har sidene av grytene vorte slipt bort, og berre midtpartiet står i dag att. Steinen er om lag 4-5 meter høg. Han er eit populært fotomotiv og eit symbol for Vågsøy kommune.

Mange turistar vitjar Kannesteinen kvart år.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kannesteinen


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.