Kalusj (ukrainsk Калуш, polsk Kałusz) er ein by i lågberga i Karpatane i Ivano-Frankivsk oblast (provins) vest i Ukraina.
Kalusj | |||
Калуш | |||
by | |||
Rådhuset i Kalusj | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Ivano-Frankivsk oblast | ||
Rajon | Kalusj by | ||
Koordinatar | 49°02′39″N 24°21′35″E | ||
Areal | 65 km² | ||
Folketal | 63 800 | ||
Folketettleik | 982 / km² | ||
Retningsnummer | +380 3472 | ||
Kalusj 49.044166666667°N 24.359722222222°E | |||
Kart som viser Kalusj.
| |||
Wikimedia Commons: Kalush | |||
Nettstad: http://kalush.net | |||
Han er ein eigen kommune i oblastet, og er i tillegg det administrative senteret i Kalusj rajon (distrikt).
Viktige lokale næringar er matindustri, produksjon av klede, kjemikaliar, handarbeid, treutskjering og betong.
Kalusjon vart først nemnd som ein busetnad i Halytsjyna i 1437. Byen var ein del av Det polsk-litauiske samveldet, Austerrike-Ungarn og Den andre polske republikken. Byen har framleis eit gammalt rådhus.
Under andre verdskrigen vart innbyggjarane i byen vitne til mange folkeutreinskingar. I 1940 tvinga sovjetarane mange av innbyggjarane til Sibir, mange av dei polske. I 1941-1942 vart den jødiske folkesetnaden i byen myrda av tyskarane, og då krigen var over var det knapt ein einaste jøde igjen i byen. Byen hadde fram til krigen hatt eit livleg jødisk samfunn sidan 1500-talet.
- Denne artikkelen bygger på «Kalush, Ukraine» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2012.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.