From Wikipedia, the free encyclopedia
Kabylsk er eit berbarspråk (kabylsk taqbaylit, uttala [θɑqβɛiˈliθ]) snakka av kabylfolket. Det er over 6 000 000 talarar i heile verda, ein majoritet av dei, 4,5 millionar, bur i Algerie.
Som i andre afroasiatiske språk er ordbøyinga sentrert rundt konsonantstrengar, såkalla røter, t.d. rg «å drøyme». Desse dannar eit XCXCX-templat, som det er mogleg å setje inn vokalar for, for å få ulike ordformer.
Vokalisering a-u: argu (imperfektiv)
Vokalisering u-a: urga (perfektiv)
Kabylisk har ulike modus, kausativ, passiv, resiprokal, faktiv + resiprokal. Desse blir danna med å prefiksere konsonantar til CC-templatet.
I arabisk er det ein tendens til tre-konsonant-røter, men i kabylisk er tendensen å ha to.
Kabylisk har også affiksering. Konsonantinitiale substantiv dannar plural med suffiks, som sg. lbiru, pl. lbiruwat,
Kabylsk har ei relativt kort historie, det var (med nokre unntak) nesten ikkje skrive før på 1900-talet, likevel har det i seinare tid har ein liten men aukande litteratur vokse fram. Den originalt munnlege poesien til Si Mohand og Ait Menguellet er spesielt verdt å nemne her.
Døme:
Ord | Omsetting | Uttale: |
jord | akal | ækjel |
himmel | igenni | iguenni |
vatn | aman | æmen |
eld | times | thimess |
menneskje | amdan | amdhan |
mann | argaz | ærges |
kvinne | tamettut | thæmttoth |
eta | ečč | etsh |
drikka | sew | soww |
stor | meqqar | mekkor |
liten | mezzi | beztouh. amezzjan, akkrour |
natt | idh | idh |
dag | ass | æss |
...
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.