norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kaare Fostervoll (3. desember 1891–6. juli 1981) var ein norsk pedagog, gymnasrektor, politikar for Arbeidarpartiet og den første kringkastingssjefen i Noreg. Han var stortingsrepresentant for kjøpstadane i Møre og Romsdal fylke (Kristiansund, Molde, Ålesund) frå 1945 til 1949, kyrkje- og undervisningsminister frå 1945 til 1948 og så kringkastingssjef etter den tid og fram til 1962.
Kaare Fostervoll | |||
| |||
Fødd | 3. desember 1891 Kristiansund kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 6. juli 1981 (89 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, faglitterær forfattar | ||
Utdanna ved | Volda lærarhøgskule | ||
Barn | Kari Fostervoll | ||
Alle verv |
|
Kaare Fostervoll blei statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet (kyrkje- og undervisningsminister) i dei to første regjeringane til Einar Gerhardsen etter frigjeringa i 1945:
Han blei også vald inn på Stortinget som stortingsrepresentant for kjøpstadane i Møre og Romsdal fylke (Kristiansund, Molde, Ålesund) frå 1945 til 1949. Fordi han var statsråd møtte han ikkje på Stortinget som representant før 1. juli 1948. Han vart då vald til formann i Kyrkje- og skulekomiteen, noko han var til stortingsperioden tok slutt, 10. januar 1949.
Kaare Fostervoll var student frå 1910, og tok lærarskuleeksamen i 1912. Han vart cand.philol. i 1927.
Han arbeidde som kontormann på Nordmøre fogdekontor i Kristiansund 1910-1911. Han var lærar ved folke- og ungdomsskular 1912-1919, og lærar ved høgare skule 1920-1927. Han var rektor ved Firda landsgymnas (Sandane) 1927-1938, og rektor ved Ålesund offentlige høyere almenskole (Latinskolen) 1938-1948. 1945-1949 var han i regjeringa og stortinget, før han vart kringkastingssjef 1948-1962
Tillitsverv i parti:
Tillitsverv i organisasjonar:
Offentlige verv:
Fostervoll rekna seg som radikal sosialdemokrat i tradisjonen frå Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (1921–1927), som stod sterkt i Møre og Romsdal dei åra dette partiet fanst som alternativ til Arbeidarpartiet og NKP. Også den mest kjende av forkjemparane for NSA, Olav Oksvik, var frå dette fylket. Fostervoll stod saman med Oksvik, Jacob Vidnes og Anton L. Alvestad mot «tranmælittane» og dei revolusjonære innanfor Arbeiderpartiet. Dette var også sentrale personar innanfor NSA.I Møre og Romsdal var utbrytarpartiet NSA større enn DNA, og hadde dessuten eit tyngdepunkt på Sunnmøre.[1] Fostervoll har skrive ei partihistorie om NSA. Han var òg aktiv målmann, og attmed Halvdan Koht ein av dei fremste nynorskforkjemparane innanfor arbeidarrørsla. Fostervoll var den første frå Mållaget som vart leiar i Studentersamfundet i Oslo.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.