From Wikipedia, the free encyclopedia
Johnny Byrne, fullt namn John Joseph Byrne, (13. mai 1939–27. oktober 1999) var ein britisk-sørafrikansk fotballspelar frå ein landsby i Surrey. Han var angrepsspelar og flittig målskårar for Crystal Palace FC og West Ham United.
Byrne ligadebuterte seint i 1956 på tredjedivisjons-laget Crystal Palace FC. I 1962 vart han overført til West Ham United mot 65 000 pund. Våren 1964 var han med om å vinne FA-cupen då West Ham sikra seg klubbens fyrste store pokal. I 1967 returnerte han til Crystal Palace, eit knapt år seinare melde han seg til teneste for Fulham FC. Sommaren 1969 utvandra han til Sør-Afrika, spelte der i fire år på Durban City.
Frå november 1961 til april 1965 spelte Byrne 11 landskampar for England og skåra 8 mål, seks av dei i løpet av mai 1964.
I 1969 utvandra han til Sør-Afrika, døydde i Cape Town.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.